VESTIGIA
2023
Koreograf: Anna Einemo Frøysland
Komponist: Christian Wallumrød
Kostyme: Silje Sandodden Kise
Lys: Stephen Lunn
Koreografi assistent: Brita Grov
Ytre Øye: Karen Eide Bøen
Dansere: Birgitte Sletten Christiansen (Alver), Dekontee Bente Esther Manyeah (Bergen), Diane Morgan Acheing Onyango (Bergen), Fryd Synnøve Hyrve Kaland (Voss), Guro Arnetvedt Tvedt (Bergen), Ingeborg Rørlien (Bergen), Maria Pauline Eide Berentsen (Bergen), Thomas Myklebust (Gloppen)
Fotograf: Thor Brødreskift
Produsent: Sølvi Katrine Andersen v/ Bergen Dansesenter
Støttet av: Norsk Kulturfond, Vestland Fylke, Bergen Kommune, Det Norske Komponist Fond, Sparebanken Vest og Fana Sparebank.
Co-produsent: BIT Teatergarasjen.
Forestillingen hadde førpremiere under "Dans en fest” august 2022, deretter ble det forestillinger både på BIT teatergarasjen, Trivselshagen i Gloppen kommune og Lærdal Kulturhus våren 2023.
Vestigia (lat): spor, restar etter noko som var.
Å mimre og sjå seg tilbake har gjerne eit sentimentalt drag over seg. Det kan likne dagdrøyming, noko me helst tek oss tid til når alt det andre «viktige» er gjort. I dag har me fleire hjelpemiddel enn nokon gong før til å arkivere minna våre. Likevel kan ein ikkje overlate sjølve handlinga mimring til noko utanfor ein sjølv: ein må delta praktisk med tankar, ord og rørsler. Dei 8 utøvarane frå ESC ungdomskompani har fått lage danserørsler med utgangspunkt i sine eigne, personlege minner og slik gitt desse minna eit vidare liv og ei ny drakt. Dei lyttar aktivt til stadene der musikken, rørslene og berøringane tangerer kvarandre. Kanskje dette liknar vår alles felles hukommelse. Om me er merksame kan det imellom koret av enkelståande minner oppstå augneblink av attkjenning, flyt og heilskap.
Anna Einemo Frøysland (b. 1992) er danser og koreograf bosatt i Oslo. Hun er utdannet ved KHIO, og har jobbet som danser for kunstnere som Marina Abramovic, Jeff Pedersen og Satoshi Kudo. Anna turnerer internasjonalt med Notes on frailty av Ingun Bjørnsgaard Prosjekt og var del av Aspirant Mentoring Program av Nagelhus Schia Productions i 2019-2020. I 2019 skapte Anna solostykket Still under koreografilaboratoriet på Dansens hus, og i 2020 skapte hun forestillingen Ein studie i Wittgensteins språkspel sammen med tvillingsøstera si Berit Einemo Frøysland. De er begge del av DNO&B og Talent Norge sin satsning på kvinnelige koreografer.
Anna om seg selv: Eg er ein koreograf i etableringsfasen som er interessert i å jobbe i brytningspunktet mellom det indre og det ytre. Eg søkjer etter ein pågåande dialog mellom det fysiske utrykket og immaterielle storleikar som minner, kjensler og tankar. Rørslekvalitetane som tiltrekk meg er gjerne presise og detaljerte med overraskande kraft og eg likar å verkeleg bruke tid på å skape gjennomarbeida scenisk dans med utgangspunkt i den enkelte sine indre drivkrefter. Eg vil skildre meg sjølv som ein dansekunstnar med høg grad av motivasjon og skapartrong.